Sogndal style

Video

Det er ikkje alltid eg har tid til å drive so mykje med musikk, men i januar hadde me eit lite prosjekt på jobb (Sivelin og Lene, som du ser på videoen, hadde ideen) der eg tok fram innspelingsutstyret att. Det munna ut i nyinnspeling av Gangnam style. Ja, det er eg som syng på eit slags koreansk 🙂 Åtte spor med vokal, fordelt over fyrste- og andrestemmer og «hey». Morosame dagar, må eg vedgå!

Datagauk på nynorsk

Sume tider føler eg meg som den einaste datagauken som omset WordPress, innstikk og bunader til nynorsk. Er det verkeleg slik? Viss ikkje: Bli med på epostlista hjå uio.no for omsetjing til nynorsk, bli med på wp-polyglots og sjekk ut nn.wordpress.org. Viss det blir mange av oss, kan me kanskje laga eit eige forum? Er me so mange? Ikkje til no, i alle fall.

So då sit i alle fall ein gauk her og gjel på nynorsk og valdresmål.

Ikkje akkurat analogt: Edirol FA-101

I det siste har eg lese inn ei lydbok for Valdres mållag, nemleg barneboki Pekka, elva og eventyret av vestreslidringen, bonden og den særs gode forfattaren Knut Hauge. I år er det 100 år sidan han vart fødd, og dermed er det Hauge-år. Mållaget vil laga ei gratis lydbok som nedlasting i høve jubileet, og eg har fått uppdraget å lesa inn.

Til det trengst utstyr. Eg har fått kjøpt inn eit betre lydkort, nemleg eit Edirol FA-101. 10 inn, 10 ut, firewire og 192kHz/24bit, nok knottar og knappar til at du kan styre det utan spesialprogramvare. Det beste er at det ikkje har støyproblem slik UA-25 har, og det verste var at eg brukte ei stund på å få det til å fungere med Linux: alt for mykje hakk og treigskap. Heldigvis finst det folk som gidd å sitja å laga gode løysingar til oss som skal laga musikk med Linux. Eg leitte ei stund, og etter at eg fann AV Linux, var det ikkje noko problem! Eg har lese inn alt saman i Ardour, gjennom ein Heil PR40 dynamisk mikrofon og lydkortet til ei berbar datamaskin.

Lydboki finn du på heimesidone til mållaget frå 31. mai, som er 100-årsdagen til Hauge. Lydbok som gratis nedlasting! Juhu! Sei gjerne kva du synest.