Samson go mic. Kjekk å ha.

Eg har nett sunge inn ein del øvingsspor til Fjærland kammerkor. Det gjorde eg med den vesle USB-mikken Samson go mic. Dette er sjølvsagt ingen høgkvalitetsmikrofon, men det passa bra sidan det eg spelte inn òg var av nokso semmer kvalitet 😉 I alle fall var mikken kjekk å ha til slike oppdrag: Liten og lett å ta med seg, slik at eg kunne spela inn kvar som helst. Eg likar òg at han har ulike karakteristikkar, eg har brukt det før nokre gonger.

Men kan du spela inn ei plate med han? Tja. Rarare ting har skjedd.

Ikkje akkurat analogt: Edirol FA-101

I det siste har eg lese inn ei lydbok for Valdres mållag, nemleg barneboki Pekka, elva og eventyret av vestreslidringen, bonden og den særs gode forfattaren Knut Hauge. I år er det 100 år sidan han vart fødd, og dermed er det Hauge-år. Mållaget vil laga ei gratis lydbok som nedlasting i høve jubileet, og eg har fått uppdraget å lesa inn.

Til det trengst utstyr. Eg har fått kjøpt inn eit betre lydkort, nemleg eit Edirol FA-101. 10 inn, 10 ut, firewire og 192kHz/24bit, nok knottar og knappar til at du kan styre det utan spesialprogramvare. Det beste er at det ikkje har støyproblem slik UA-25 har, og det verste var at eg brukte ei stund på å få det til å fungere med Linux: alt for mykje hakk og treigskap. Heldigvis finst det folk som gidd å sitja å laga gode løysingar til oss som skal laga musikk med Linux. Eg leitte ei stund, og etter at eg fann AV Linux, var det ikkje noko problem! Eg har lese inn alt saman i Ardour, gjennom ein Heil PR40 dynamisk mikrofon og lydkortet til ei berbar datamaskin.

Lydboki finn du på heimesidone til mållaget frå 31. mai, som er 100-årsdagen til Hauge. Lydbok som gratis nedlasting! Juhu! Sei gjerne kva du synest.

På veg til analogt studio: Tascam 388

Tascam 388

Tascam 388

For ei stund sidan fekk eg tak i (billeg) ein Tascam 388. Det er nesten som eit kjempesvært portastudio, med kvarttomsband og åtte spor. Særs god EQ, nyttige inn- og utgangar. Det einaste eg skulle ynskje meg, er fantommating på XLR-inngangane. Og so treng eg nok å byte ut ein volumkontroll eller to – nokre av dei skrapar. Men tenk kor heldig å få tak i noko slikt! Det var berre å byte kapstanreim, so var alt i orden. Vakkert og vent. Fyrste prøveinnspelingi finn du på frilyd.tk.

4-spor!

Eg har endeleg fått meg tak i ein firespors kassettupptakar: Ein Akai MG 614. Tek upp so det er ein fryd, men må renskast. Det skal eg gjera ein dag eg har tid.

20 minutt, tre spor

No har eg skaffa meg litt utstyr, og har so smått begynt på bruke det. Ein Edirol UA-25, lite USB-lydkort med mikkinngangar, fantommating, analog kompressor, s/pdif inn og ut samt andre kjekke inn- og utgangar, betalte 800 for det. Ein god gamal ADK A-51 billeg stormembrankondensator m/stativ og strømpebuksefilter (kjøpt, ikkje heimelaga denne gongen). To Beyerdynamic MC 930, småmembrankondensatorar (sigarmikkar), kjøpt brukt for 2000,- tilsaman.

Og sjølvsagt, ei bærbar datamaskin med Ubuntu og Ardour på. Eg har ein drøss med programvare av sers høg kvalitet, og betaler ingenting for det. Som motyting er eg med på å omseta til norsk.

Med dette utstyret fekk eg i dag tid til å spela inn 2 kassegitarspor med sigarmikkane, og eitt sangspor med ADKen. Heile prosessen, frå eg fann fram utstyret til eg hadde spelt inn og rydda bort ein del, tok 25 minutt – ungane såg på barne-tv, ser du.

Eg må seia eg er fornøygd med resultatet og lyden, i og med at det gjekk so fort. Beyerdynamic-mikkane verkar heilt supre, eg hadde sett dei opp i XY, omtrent rett framfor 15. bandet på gitaren. Ingen EQ eller nokonting. Eg tok opp «oh yeah» av Minor majority, og når eg kan få so fin lyd som eg fekk på so kort tid, kan eg sikkert greie å få super lyd om eg legg litt arbeid i det. Jepp! Ein dag håpar eg på eit lite studio.

Nei, eg har ikkje laga til fil til nedlasting. Kanskje seinare.  Du får vel berre ta mitt ord for at det let bra.