20 minutt, tre spor

No har eg skaffa meg litt utstyr, og har so smått begynt på bruke det. Ein Edirol UA-25, lite USB-lydkort med mikkinngangar, fantommating, analog kompressor, s/pdif inn og ut samt andre kjekke inn- og utgangar, betalte 800 for det. Ein god gamal ADK A-51 billeg stormembrankondensator m/stativ og strømpebuksefilter (kjøpt, ikkje heimelaga denne gongen). To Beyerdynamic MC 930, småmembrankondensatorar (sigarmikkar), kjøpt brukt for 2000,- tilsaman.

Og sjølvsagt, ei bærbar datamaskin med Ubuntu og Ardour på. Eg har ein drøss med programvare av sers høg kvalitet, og betaler ingenting for det. Som motyting er eg med på å omseta til norsk.

Med dette utstyret fekk eg i dag tid til å spela inn 2 kassegitarspor med sigarmikkane, og eitt sangspor med ADKen. Heile prosessen, frå eg fann fram utstyret til eg hadde spelt inn og rydda bort ein del, tok 25 minutt – ungane såg på barne-tv, ser du.

Eg må seia eg er fornøygd med resultatet og lyden, i og med at det gjekk so fort. Beyerdynamic-mikkane verkar heilt supre, eg hadde sett dei opp i XY, omtrent rett framfor 15. bandet på gitaren. Ingen EQ eller nokonting. Eg tok opp «oh yeah» av Minor majority, og når eg kan få so fin lyd som eg fekk på so kort tid, kan eg sikkert greie å få super lyd om eg legg litt arbeid i det. Jepp! Ein dag håpar eg på eit lite studio.

Nei, eg har ikkje laga til fil til nedlasting. Kanskje seinare.  Du får vel berre ta mitt ord for at det let bra.